Fråsegn om personvern
Fråsegn om personvern
For elektroniske skjermdialogar frå Nord-Fron kommune.
Definisjonar (ref. Personopplysningslova § 2)
________________________________________
Definisjonar (ref. Personopplysningslova § 2)
________________________________________
Personopplysning: Opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson.
Ansvarleg for behandling: Den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal bli brukt (mottakar).
Databehandlar: Den som behandlar personopplysningar på vegne av den ansvarlege for behandling.
________________________________________
Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet blir ivareteke av Nord-Fron kommune som databehandlar av personopplysningar. Nord-Fron kommune ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar blir følgde og at datatryggleiken er teken vare på. Sikker behandling av data vil til ei kvar tid bli dokumentert etter gjeldande føresegner. ACOS (leverandør av datasystem) er berre databehandlar av personopplysningane, medan det er mottakar (Nord-Fron kommune) som er eigar av data og ansvarleg for behandling. Eigartilhøvet blir regulert av ein eigen databehandlingssavtale.
Føremålet med behandling av personopplysningar
Opplysningar som du fyller inn, blir sendt over til ansvarleg for behandling. Opplysningane gjer ansvarleg for behandling i stand til å utføra si saksbehandling av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg blir behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.
Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personvernopplysningar (personopplysingslova) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.
Personopplysningar
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne fråsegna, samtykkjer du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket blir gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingssmåten av opplysningane.
Lagring av opplysningar
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID, kan du når som helst velja å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp att for vidare utfylling seinare. Opplysningane du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vera tilgjengelege for mottakar (Nord-Fron kommune), før du bestemmer deg for å sende inn skjemaet. Når du har valt innsending, har du samstundes gjeve samtykke til at mottakar (Nord-Fron kommune) kan ta i mot opplysningane. Så snart skjemaet er sendt over til ansvarleg for behandling, blir innhaldet sletta frå databehandlar sin server (seinast innan tre døgn). Vel du å avbryta utfyllinga for å hente denne opp att seinare, vil opplysningane berre vera tilgjengelege i 72 timar før dei blir sletta. Utvalde skjema er mogleg å langtidslagre på serveren til leverandør (ACOS AS). Nøkkelopplysningar frå desse søknadene vil automatisk bli henta opp når du startar ein ny søknadsprosess.
Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata bli sletta frå databehandlar sin server så snart søknaden er sendt over til ansvarleg for behandling (seinast innan tre døgn). Databehandlar vil berre ta vare på metadata i skjemaet (type skjema, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysning om mottakar).
Sikker linje
Alle opplysningar som blir overførte mellom di datamaskin og vår server går over sikker kryptert line (SSL). Løysinga er tilsvarande den tryggleiken som vert brukt i nettbankane.
Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å rette ein førespurnad til post@nord-fron.kommune.no. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevja å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv gjera ei slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.
Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteninga til Nord-Fron kommune sitt søknadssenter - i høve til elektroniske skjema. Du må då ta kontakt med Nord-Fron kommune på annan måte.
Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.
Førespurnader
Dersom du har spørsmål om personvernfråsegna, kan du kontakte:
Nord-Fron kommune
Nedregt. 50
2640 Vinstra
Sentralbord: 61216100
E-post: post@nord-fron.kommune.no